Ragna Bley – Zooid
January 20th - March 31st, 2018
Kabuso

Velkomen til årets første utstilling på Kabuso; Ragna Bley - Zooid.

I Zooid viser Ragna Bley maleri og ein serie små bronseskulpturar. Tittelen er eit omgrep lånt frå biologien og viser til eit enkelt individ av kolonidannande mikroorganismar, som for eksempel algar. Et zooid kan i fleire tilfelle danne eit felles kroppsvev med milliardar av andre individ.

På dei store lerreta kan du sjå abstrakte former og rørsler oppstå og oppløysas. Malemåten, der kunstnaren lar tynn akrylmaling trekkje inn i ubehandla seglduk, er ein prosess som opnar opp for uventa vendingar. Avhengig av blandingsforhold og mengde vil malinga ekspandere i ulik grad før den tørkar og fikseras til tekstilet. Slik får motiva en tydelig organisk karakter. I denne prosessen skjer det som kan omtalas som tilfeldigheitas motstand, der kunstnarens intensjon brytas mot materialas eigen vilje.

Kanskje førestiller ein seg bakteriar sett gjennom eit mikroskop, eller eit landskap under vatn forma av havstrømmer. I verket Pit Limit ser vi ein fargesterk strek som strekkjer seg frå nedre biletkant og opp langs sida, før den transformeras til ein større og meir diffus form prega av grøn- og blåtonar. Tittelen referer til gruvedrift og til djupna i gruva kor det ikkje lenger er lønsamt å hente ut bergarter, fordi utgiftene ved produksjon overstig inntektene.

Innerst i det langstrakte rommet ser vi ein koloni små skulpturar som bærer fleire visuelle likskapstrekk til maleria. Dei karakteristiske figurane kan minne om små organismar, og kvar av dei 35 bronseskulpturane har fått titlar som kan oppfattas som korte beskjeder. Tre eksemplar er Ok cool let’s try, to make sure, og that you are ok. Når ein les titlane etter kvarandre, dannar dei eit samanhengande utsegn kor ulike stemmer synes å gi beskjedar til kvarandre. Slik forsterkas inntrykket av at skulpturane ikkje eksisterer uavhengig av kvarandre men at dei saman dannar ein symbiose.

Ragna Bley skaper eit rikt assosiativt univers i Zooid og verka kan opne for fleire ulike tankestrøymar og idear om naturen. Vis-a-vis hennar store maleri ser vi Hardangerfjorden. Som i så mange andre fjordar langs Norskekysten finnes det miljøgifter og forureining i vatnet etter meir enn hundre år med tung industri. Ein rekke forskarar påstår at vi i dag er inne i ei ny geologisk tid, den antropocene tidsalder, forårsaka av mennesket si påverking på jordkloden. Kunstverka i utstillinga er ingen eksplisitte påstandar på verken det eine eller det andre. Dei gir ei sanselig oppleving og framstår nærast lyrisk i sin estetikk. I Bleys kunstverk opphevas det tradisjonelle skillet mellom fornuft og følelsar, kropp og sinn, individ og samfunn. Abstraksjonen er på ingen måte unnvikande, for gjennom den emosjonelle erfaringa ligg et stort potensial.

Ragna Bley er født i 1986 i Uppsala, og bor og arbeider i Oslo. Hun har sin utdanning frå Kunsthøyskolen i Oslo og Royal College of Art, London, og har sidan hun ble uteksaminert i 2015 hatt en rekke solo- og gruppeutstillingar i Norge og utlandet. Hun har tidlegare har separatutstillingar på blant anna Hester Gallery i New York, Kunsthall Oslo, UKS og 1857. Bley skal i 2018 stille ut på OSL Contemporary og Malmø Konsthall.

Utstillinga Zooid blei først vist på Kunsthall Oslo i 2017.

All images by Pål Hoff.

http://espenjohansen.art/files/gimgs/th-27_Foto PålHoff 1287.jpg
http://espenjohansen.art/files/gimgs/th-27_Foto PålHoff 1285.jpg
http://espenjohansen.art/files/gimgs/th-27_Foto PålHoff 1271.jpg
http://espenjohansen.art/files/gimgs/th-27_Foto PålHoff 1272.jpg
http://espenjohansen.art/files/gimgs/th-27_Foto PålHoff 1292.jpg